20 år på kyrkjetunet
To tiår har gått sidan kyrkjetunet i Ølen stod ferdig til bruk, og gjennom desse åra har huset blitt ein stad som betyr mykje for mange. Første helga i september skal det feirast jubileum, der bygdefolket blir invitert på både middag og kaker.
Ølen bedehus og kyrkjelydssenter, kanskje mest kjent som Kyrkjetunet, opnar dørene til fest laurdag kveld 3. september. Då skal det markerast at huset er 20 år gamalt, og styreleiar for kyrkjetunet, Siv Heidi Eidsheim, kan fortelja at festen er open for alle som vil vera med.
— Er det fest må me sjølvsagt ha mat. Me serverer kyllinggryte til middag, og kaffi og kaker til dessert. Alt er gratis, men dei som vil gi ei gåve i form av kollekt kan sjølvsagt gjera det, seier Eidsheim.
Då kyrkjetunet opna for 20 år sidan var Eidsheim soknerådsleiar, og hugsar godt opningsfesten der ho var ein av fleire talarar.