Jan Halvard Andersen, avdelingsleiar for proffmarknaden i Helgevold Elektro AS. Pressefoto
Slit med å levere nok solcellesystem
Helgevold Elektro AS er også ein lokal leverandør av solcellesystem, og kjenner seg att i at etterspurnaden har auka i takt med den stigande straumprisen.
Jan Halvard Andersen, avdelingsleiar for proffmarknaden i Sandeid-bedrifta, opplyser til Grannar at dei for tida ikkje klarer å levere nok i forhold til etterspurnaden.
— Den auka etterspurnaden heng heilt klart saman med at innteningstida på å investere i solcellesystem er korta mykje ned, no når det er så høg straumpris, seier Andersen til Grannar.
Det er meir økonomi- enn klimaaspektet som no motiverer folk til å investere i solcelleteknologi.