Forskar åtvarar mot eit nytt bompengeopprør.
Illustrasjonsfoto: Heiko Junge / NTB / NPK
– Klar risiko for reprise på bompengeopprøret
Tre år etter det store bompengeopprøret, meiner statsvitaren Svein Tuastad at det er ein klar risiko for eit nytt opprør.
Tuastad er statsvitar ved Universitetet i Stavanger. I eit intervju med NRK Rogaland
viser han til at kommunane Bokn, Karmøy, Haugesund, Tysvær og Vindafjord i Rogaland, pluss Etne og Sveio i Vestland, på eit møte i mai i år gav uttrykk for at dei ynskjer å få vedtaket om nye bomringar på Haugalandet unnagjort før valkampen neste år.
Tuastad åtvarar mot dette. Han meiner at dersom politikarane prøver å halde bompengesaker unna valkampen, vil det vere i strid med slik ein vil demokratiet skal fungere.
– Veljarane bør få ta stilling til viktige saker, sjølv om det kan vere smertefullt for politikarane, seier han.