Nede ved Eikemo kai har Geir Arne Eikemo mobildekning. Han må dermed køyra tre kilometer frå heimen sin oppe på Eikemo, for å få kontakt med omverda, no når koparleidninga er kopla frå og fasttelefonen har gått inn i historiebøkene.
Foto: Grethe Hopland Ravn
Køyrer 3 km for mobildekning
Geir Arne Eikemo (59) kan ikkje lenger halda kontakten med omverda gjennom telefonsamtalar heimafrå. Den 1. august gjekk fasttelefonen over i historiebøkene, og mobildekning har han berre nede ved sjøen – 3 km frå huset sitt.
På Eikemo kai, på nordsida av Åkrafjorden, står Geir Arne Eikemo og fullfører siste samtale med omverda for denne gong. Det er viktig å hugsa på å få med alt som er vesentleg, for det kan bli ei stund til han er tilgjengeleg igjen. Heime på garden – tre kilometer oppover fjellet frå Eikemo kai – har 59-åringen budd heile livet. Først i lag med både mor og far, men etter at dei døydde for mange år sidan, har han budd på garden åleine.
I eit nabohus bur to til, men fleire enn tre fastbuande er dei ikkje i grenda. Telefon på garden har dei hatt sidan før krigen. Men no er det slutt, for 1. august blei koparlinja kopla frå, og fasttelefonen gjekk inn i historiebøkene.
— For meg betyr det at eg ikkje kan ringa til folk utan at eg køyrer ned på kaien, og det får meg til å føla meg utrygg. Kva om eg knekk foten? Eller får eit illebefinnande og treng å få kontakt med nokon? Då er eg heilt hjelpelaus. Telefonen har redda livet mitt før, seier han.