Illustrasjonsfoto
Lakseungar vel kortaste ruta mot havet
Når laksesmolt vandrar ut frå elva dei er fødde i tek dei raskaste vegen når dei skal ut i havet for å beite.
Det viser forsøk i to år der 440 ville lakseungar frå Altaelva vart utstyrte med akustiske merke. Med hjelp av lyttebøyer kunne forskarane følgje vegvala utover i fjorden.
– Det kan sjå ut som laksen nærast er programmert til å velje den kortaste ruta når han startar på utvandringa, seier havforskar John Fredrik Strøm i ein artikkel på nettsidene til Havforskingsinstituttet.
Han er ein av forskarane som i samarbeid med Lakseklyngen har undersøkt kva rute lakseungane vel når dei skal ut i havet og vekse seg store.