Kommunalsjef for helse, Hilde Selland Winterthun var med i møtet.
Kommunalsjef for helse og omsorg, Hilde Selland Winterthun. Arkivfoto

Moderat pågang av flyktningar

Verken Etne- eller Vindafjord kommune har tatt imot så mange flyktningar som Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi) oppmoda dei om i mars. Kommunane er fornøgde med integreringa av ukrainarar som har komme.

Publisert Sist oppdatert

— Det har fungert veldig bra. Flyktningane har vore svært motiverte for å lære norsk, få barna i skule og aktivitet, og å komme i jobb, fortel Miriam Aareskjold, som er flyktningkonsulent i Vindafjord.

Kommunalsjef for helse og omsorg i Etne, Hilde Selland Winterthun, trekkjer også fram ukrainarane sin motivasjon som ein nøkkel til at integreringa har vore vellykka.

Langt fleire til Vindafjord

Onsdag i førre veke var det eit halvt år sidan den russiske invasjonen av Ukraina starta og ein stor flyktningstraum starta. Sidan har det etter kommunane sine tal komme 41 ukrainske flyktningar til Vindafjord og seks til Etne. Vindafjord har med andre ord tatt imot nesten sju gonger fleire flyktningar enn naboen, trass at Vindafjord berre har litt meir enn dobbelt så høgt folketal. Då IMDi sende ut si oppmoding til kommunane i mars blei Etne førespegla 15 og Vindafjord 55 flyktningar.

— Fire personar er offisielt busette gjennom IMDi. Éin person er på alternativ mottaksplass (AMOT) per nå, opplyser Selland Winterthun.

I Vindafjord er 39 flyktningar busette, mens to er på AMOT. Alternativ mottaksplass er ei ordning for asylsøkjarar og andre personar som har rett til å bu i asylmottak. Ordninga inneberer at ein kommune tar på seg ansvaret for å gi eit butilbod til og følgje opp personen. Det er frivillig for kommunane å ta imot ein person på alternativ mottaksplass.

Alle ukrainske barn i Vindafjord har fått plass på skule eller barnehage, mens dette ikkje er aktuelt for dei som har komme til Etne. Fem av flyktningane i Vindafjord har komme seg inn på arbeidsmarknaden, mens ingen av dei Etne har gjort det. Flyktningar som har komme til begge kommunane har reist tilbake til Ukraina.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS