Foreldra Mariana Saravia og Charlotte Gjerdevik er saman med rektor Nina Iren Husevåg blant medlemmene i ei arbeidsgruppe som vil skape eit betre nærmiljø ved Skjold skule. No møter dei motbør på grunn av endra retningslinjer for tippemidlar, og ber bedrifter og skjoldabuar om økonomisk bidrag for å kunne gjennomføre tiltak.
Foto: Jon Edvardsen
Treng midlar til trivsel på asfalten
Frustrasjonen er stor over at reglane for tippemidlar er endra slik at eit planlagt nærmiljøanlegg i Skjold ikkje kan få støtte. No appellerer foreldre både bedrifter og privatpersonar til å bidra økonomisk.
Aller helst vil dei gjennomføre alt, men utan tippemidlar kan det bli vanskeleg.
På tampen etter at elevar og andre hadde fått kome med sine ønske og innspel, og planen var klar, kom nye reglar for å få tippemidlar til nærmiljøanlegg som ekskluderer den typen som er planlagt ved skulen i Skjold. Reviderte retningslinjer for tildeling kom i slutten av juni.
Apparata legg for mykje vekt på leik, medan det nye er meir rein fysisk trening.