Rundt 50 personar møtte fram då NVE hadde synfaring til Strypeheia i Etne onsdag. Nå utfordrar Forum for jord og sjøkabel toppolitakar til å bli med opp på fjellet og sjå kva det handlar om.Foto: Grethe Hopland Ravn
Rundt 50 personar møtte fram då NVE hadde synfaring til Strypeheia i Etne juni i fjor.

Vil visa fram naturperla til politikarane

Grethe Tesdal og Odd Neraal har invitert toppolitikarane til fjells for å ta Strypeheia i nærare augesyn før marknadsdebatten om kraft går i gang. — Me vil dei skal sjå med eigne auge kva me snakkar om, seier duoen.

Publisert Sist oppdatert

Om vêret tillet det har duoen frå Forum for jord og sjøkabel planar om å invitera med både toppolitikarar, fylkes- og lokalpolitikarar, og bygdefolk til Strypeheia før kraftdebatten går i gang i kinosalen på Skakke, fredag ettermiddag.

— Me har lyst til at dei som ikkje kjenner til gulløypa vår, skal få sjå kor flott det er med den urørte naturen der oppe. Eg trur det vil gjera større inntrykk enn å få forklart det i kinosalen, seier Tesdal.

Ho er ganske stolt over at så mange politikarar frå både fylke og Stortinget har takka ja til å bli med på turen som startar ved tinghuset i Etne fredag føremiddag, der forumet har leigd ein 40-setars buss som går nesten heilt opp til Skarstøl og gjennom bommen.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS