Aukande bestand: I visse kommunar, særleg på Vestlandet er hjortebestanden for høg. 72 kommunar i heile landet har fått løyve til kvotefri kalvejakt. Foto: Robert Schlesinger / NTB / NPK
Aukande bestand: I visse kommunar, særleg på Vestlandet er hjortebestanden for høg. 72 kommunar i heile landet har fått løyve til kvotefri kalvejakt.

Hjortebestanden aukar: – Har gått frå rekord til rekord

Hjortebestanden aukar og trugar livsgrunnlaget til bønder på Vestlandet. Forskar meiner bestanden må kuttast i før han kjem ut av kontroll.

Publisert Sist oppdatert

– I fjor blei det felt over 50.000 hjort i landet. Det har gått frå rekord til rekord, seier seniorforskar for naturforsking i NINA (Norsk institutt for naturforsking), Vebjørn Veiberg til NRK Møre og Romsdal. Han stadfestar at hjortebestanden i enkelte kommunar er altfor høg.

Når det blir så mange dyr, blir det ikkje nok mat til alle. Dette fører til at hjorten krympar i storleik og har større sjanse for å bli sjuk. I tillegg kan dyra òg koma i konflikt med landbruket og skogbruket.

– Det er viktig å ta ut dyra så ikkje bestanden aukar over støvelskafta.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS