Tennisgruppa til Etne IL var mannsterke i Stavanger i helga.
Tennisgruppa er dei som veks mest i Etne IL. Her frå ei turnering i Stavanger. Arkivfoto

Løyver 250.000 til tennisbanar

Etne IL fekk ja på sin søknad om 250.000 kroner til rehabilitering av tennisbanar i Etne. Kommunedirektøren sitt forslag til inndekning vil gi eit underskot i rekneskapen, noko fleirtalet i kommunestyret ikkje ville vera med på.

Publisert Sist oppdatert

Dei to tennisbanane i Etne blei bygde i 1993 og har eit stort behov for rehabilitering ifølgje søknaden frå Etne Idrettslag. Dei har no konkrete planar om å totalrenovera tennisanlegget, og prislappen på operasjonen er kalkulert til 1,3 millionar kroner. 250.000 kroner av denne summen håpar idrettslaget vil komma frå Etne kommune.

Tennisgruppa opplever for tida ei auke i interesse for idretten frå folk i alle aldrar. Levetida på eit tennisanlegg er 25 år, og i Etne er tennisbanane snart 30 år gamle. Ifølgje kommunedirektøren ser Etne kommune positivt på tiltak som gir eit rikare fritidstilbod, og kommunen har eit ønskje om å imøtekomma søknaden med 250.000 kroner.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS