Arne Frøkedal gir seg etter 15 år som redaktør i Grannar. Foto: Svein-Erik Larsen
Arne Frøkedal gir seg etter 15 år som redaktør i Grannar.

Må på redaktørjakt

Publisert Sist oppdatert

— Eg synest dette er leit for Grannar sin del fordi Frøkedal har vore ein god redaktør. Samtidig er eg ikkje overraska over at ein på hans alder og som har site som redaktør i 14 år vil gi seg, fortel Valen.

Han var den første som fekk beskjeden om oppseiinga med verknad frå 1. september 2023.

Lovord frå styret

For resten av styret var Frøkedal sin avgang heilt ny informasjon på måndag. Valen beskriv av styremedlemene følte eit sterkt behov for å fortelje om kor tilfredse dei er med den avtroppande redaktøren sin innsats.

— Styret er veldig fornøgde med jobben Frøkedal har gjort. Spesielt i overgangen frå å vere ei rein papiravis til også å bli eit digitalt produkt som blir oppdatert gjennom heile døgnet. Det er ei stor endring som har skjedd i heile mediebransjen, seier styreleiaren.

Sjølv om styret synest det er synd at Frøkedal gir seg, er dei takknemlege for at han sa opp såpass tidleg at dei får god tid til å finne ein ny redaktør og kan ha ein god prosess for å få til eit saumlaust skifte. Valen satsar på at den nye redaktøren kan vere klar i løpet av våren, slik at nykommaren er på plass før Frøkedal sluttar.

— Kva dag som blir Frøkedal sin siste i Grannar, blir avklart seinare, fortel Valen.

Starta som sommarvikar

Sidan Frøkedal blei tilsett som redaktør i Grannar 1. oktober 2008 har han blitt eit kjend namn lokalt som hovudansvarleg for journalistikken i lokalavisa for Etne- og Vindafjord kommune, som fyller 50 år neste år. Etnebuen blei ein del av avisa for første gong allereie seks år etter oppstarten.

— Eg starta som sommarvikar i 1979. Då heldt Grannar til i dei gamle banklokala nær Tinghuset som er rive i dag. I løpet av den perioden fekk eg tilbod om fast stilling som resulterte i at eg blei verande i Grannar fram til april 1981, fortel Frøkedal.

Då gjekk vegen vidare til Haugesunds Avis sitt Stord-kontor, der Frøkedal var i nærmare tre år før han fekk jobb ved hovudkontoret og flytta til Haugesund. Året etter flytta han heim til Etne, men fortsette i Haugesunds Avis. Til saman blei det 27 og eit halvt år i regionsavisa før han tok fatt på redaktørjobben i Grannar. Når Frøkedal gir seg til neste år har han vore i avisbransjen i 44 år. Han føler seg trygg på valet sitt og beskriv at det har vore ein prosess som har utvikla seg gradvis.

— Eg har passert 67 år og går inn i mitt 15. år som redaktør. Nå meiner eg det er tid for eit skifte her, seier redaktøren.

Per nå har Frøkedal ikkje nokon konkrete framtidsplanar, men han har i utgangspunktet ikkje tenkt å bli pensjonist når han sluttar i Grannar.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS