Etne-Torvastad 23. september 2022
Her utliknar Tørres Rullestad til 2-2 på overtid.

Torvastad avga dei første poenga sine til Etne

Ei straffescoring av Tørres Rullestad på overtid redda uavgjort. Etne var på høgde med topplaget Torvastad fredag kveld.

Publisert Sist oppdatert

Det vart ein ganske velspelt og spennande kamp med rundt 175 til 200 tilskodarar. Etne gjekk opp i leiing midt i 1. omgang på ei flott straffescoring av Håvard Stople. Like før pause vart Etne sin beste spelar i første omgang, Sverre Ramsfjell, lagt i bakken like utanfor sekstenmeteren.

— Eg gjekk forbi eit par mann og følte at eg var forbi den siste. Fart hadde eg, men så smalt det hardt i vrista mi og eg hadde ikkje bakkekontakt, sa den irriterte sandeidbuen som måtte gi seg etter pause grunna skaden.

Eit stykke ute i andre omgang scora Torvastad på ein situasjon som kunne sjå ut til at kom direkte på corner. Det var forholdsvis fortent, ettersom Torvastad starta andre omgangen best og Lars Øvernes hadde eit par klasseredningar. Så tok Etne over, men då scora Torvastad nok eit mål. Det var av det enklare slaget etter ein innleggssituasjon.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS