Frå ein tidlegare runde med seniorgaming der Malvin Aarak sendte ei bowlingkula med ein rask armbevegelse med snert. Instruktør Silje Sandøy (f.v.), Sølvi Barane Hage (bakerst) og Kjell Skogen var imponerte tilskodarar.
FOTO: NILS TOKHEIMFOTO: Nils Tokheim
Eit bibliotek er ikkje kva det ein gong var
— Alle som er komfortable med å identifisera seg som seniorar med tid midt på dagen, er velkomne til seniorgaming, seier bibliotekar Vanja Sandøy medan ho instruerer ni seniorar i interaktivt bowlingspel på storskjerm.
Kvar måndag kan seniorar møta opp klokka 12 på biblioteket i Sjøperlo i Ølen for å spela, eller driva med gaming som det heiter. Dei som var der denne måndagen, tilrår andre å koma.
Gaming kan nok ha ein ganske høg terskel for folk som vaks opp med stensilmaskin og telegram. Det å opna seg til ei slik verd, kan truleg gje kognitiv trening på linje med kryssord, lesing og anna hjernetrim. Det kan faktisk føra med seg fysisk aktivitet òg, men då skal ein ha utstyr som såkalla VR-maske. Denne aktuelle måndagen var det bowling som var på programmet, og ein kunne velja om ein ville sitja eller stå. Dei som valde ståande spel, fekk litt bøy og tøy.
88-åring vann runden