Fenga dei unge lesarane
Bøkene til Anna Folkestad er for tida dei mest populære ved biblioteket i Etne. Laurdag var ho sjølv på plass, og presenterte rykande ferskt stoff til unge lyttarar.
— Eg er eigentleg imot å byrje for tidleg med jul, men eg hadde jo lyst å lese noko nytt som ungane ikkje har høyrt før! fortel forfattar Anna Folkestad frå Stord.
Ho er aktuell med boka Pyntepanikk, der dei allereie kjende karakterane Besta og Bo er i vinden igjen. I sommar gav ho også ut boka Bålbaluba, med dei same hovudpersonane.
— Eg prøver å lage bøker som barna synest er kjekke. Eg meiner jo at det å lære seg å lese legg grunnlag for alt anna, fortel forfattaren engasjert.