Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Tom Erik Karlsen og Mariann Markhus Vevatne vann Bondespretten. Foto: Privat
Tom Erik Karlsen og Mariann Markhus Vevatne vann Bondespretten.

Forsvarte sigeren under Bondespretten

Publisert Sist oppdatert

Bondespretten var ein del av store arrangementet Bondemarknad i Etne laurdag. Dette var andre gong løpet blir arrangert. Tidlegare i år har Karlsen, som kjem frå Elverum, vunne blant anna Tysværtrimmen og Skjold på tvers. I årets Bondespretten var Johannes Heien den nærmaste utfordraren, slik han var det i fjor. Vebjørn Sørbotten blei nummer tre.

Dei tre på pallen brukte 34 minuttar og elleve sekund, 35 minutt og 59 sekund og 39 minutt og 44 sekund, på det åtte kilometer lange terrengløpet, som går rundt Trommedalen med start og mål ved dei to kjøpesentera i Etne. Karlsen si vinnartid i fjor var 33.05.

I kvinneklassa sette Mariann Markhus Vevatne frå Etne ny løyperekord med tida 42.41. Vårinn Johnson Hagen blei nummer to (45.48), mens Vivian Kyte Hansen (47.35) kom på tredjeplass.

Powered by Labrador CMS