Ordførar Mette Heidi Bergsvåg EkrheimFoto: Grethe Hopland Ravn
Ordførar Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim

— Har ikkje gått ut over arbeidet som kommunedirektør


Viser til reportasje i Grannar torsdag 6.oktober og vil med dette klargjera noko som ordførar oppfattar som feilinformasjon i det som kjem fram.

Kommunedirektøren har i følge arbeidsavtalen høve til å ta på seg styreverv etter skriftleg samtykke frå arbeidsgjevar. Når kommunedirektør Bjørn Tollefsen har hatt ønskje om å påta seg slike verv har han forespurd ordførar via mail. Ordførar har drøfta med formannskapet, og informert kommunedirektøren tilbake munnleg og via mail. Drøftingane har skjedd i opne formannskapsmøte, og kommunedirektøren har ikkje delteke i den delen av møtet, slik jusprofessor Bernt hevdar i Grannar. Ingen i formannskapet har motsett seg at kommunedirektøren skulle få samtykke til å påta seg verv, men sjølvsagt har det vore diskusjon og spørsmål rundt dette. Det blei også føreteke ei juridisk vurdering rundt deltakinga i styret til Helgevold Elektro AS, då dette er eit firma som Etne kommune har kjøpt tenester av. Denne juridiske vurderinga har òg blitt oversendt Grannar. Dei andre styreverva har ingen relevans til den kommunale drifta. Ordførar kan ikkje sjå at det er noko sak som må taksat opp att slik jusprofessor Bernt seier. Kommunedirektøren har vore heilt tydeleg på å omgåande trekkja seg frå styreverv dersom det skulle kunna stillast spørsmål kring habiliteten hans, då han har vore seg svært bevisst på at det er Etne kommune som hans arbeidsgjevar som har førsteprioritet.

Ein kan sjølvsagt i ettertid setja spørsmål om skriftlegheita har vore tilstrekkeleg ivareteke med ordførar sine svar til kommunedirektøren. Formannskapet i Etne har gjennom dei i alle fall tre siste periodane ikkje hatt eit system for protokollering av innkomne spørsmål, det har heller ikkje skjedd med desse spørsmåla frå kommunedirektøren. Ingen i Etne formannskap har hatt noko å merka til protokollane i høve diskusjonane rundt styreverva til kommunedirektøren, men ordførar tek sjølvsagt fullt ansvar for at regelverk skal bli følgt. Det norske samfunnet er eit transparent samfunn, så også Etne kommune. Styreverv og anna informasjon om einskildpersonar er noko som ein finn med eit enkelt søk på nettet. Det har såleis ikkje vore Etne kommune si hensikt å halda noko borte frå offentlegheita med manglande protokollføring.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS