Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Lena Gåsdalen (f.v.) og Sandra-Marie Bjørnset Sælemyr har starta ein spleis for å hjelpe Joker Vikebygd med straumrekninga. Foto: Svein-Erik Larsen
Lena Gåsdalen (f.v.) og Sandra-Marie Bjørnset Sælemyr har starta ein spleis for å hjelpe Joker Vikebygd med straumrekninga.

Innsamling for nærbutikken

Publisert Sist oppdatert

— Innsamlinga har gått over all forventning. Eg hadde ikkje trudd det skulle komme inn så mykje pengar på så kort tid, fortel Gåsdalen.

Pengane blir samla inn gjennom ein spleis på nettet.

Motbakke av straumrekningar

Det var sist måndag Joker Vikebygd la ut ei lengre Facebook-melding om situasjonen butikken står i. I meldinga blir det beskrive at å drive butikken så langt har vore mykje arbeid og glede, men at dei nå er i ein motbakke som dei er redde for at dei ikkje klarer.

Motbakken» heiter straumkostnadar. Vidare blir det fortalt at dei har kutta andre kostnadar så langt det går, men at dei treng auka omsetnad om dei skal unngå nedlegging eller konkurs.

— Blant kostnadsreduksjonane me har gjort er å fjerne ein småisboks og ei open kjøle. I tillegg har me kutta i opningstida, samt i arbeidstimar for dei tilsette, seier dagleg leiar i Joker Vikebygd, Gunn Vikingstad.

Ho fortel at straumrekninga for august viste 60.000 kroner, ei kraftig stigning frå 12.000 for same månad i fjor. Vikingstad fortel at dei hadde ein auke i straumprisane på starten av året også, men at det var frå juli det verkeleg smalt.

I Facebook-innlegget ber Joker Vikebygd dei som vil hjelpe til å behalde butikken, om å handle lokalt. For å gjere det lettare å handle hos seg tilbyr butikken å ta imot innsendte handlelister, og dei kan gjere klar varene til henting. Dersom folk treng varene levert fiksar butikken det også. Initiativtakarane bak spleisen ønskjer for all del å unngå at Joker Vikebygd skal gå konkurs.

— Utan butikken er det ikkje noko samlepunkt i bygda. Eg trur at dersom den forsvinn, vil det bli vanskelegare å få fleire til å busette seg i Vikebygd, seier Gåsdalen.

Powered by Labrador CMS