Laila Viestad og Grzegorz Gòrczynski har etablert LEGOSjakk. 10/2022
Sjakk-Laila og Lego-Gregor brenn for å spreia glede og god energi til barn og vaksne.
Samarbeid mellom Sjakk-Laila og Lego-Gregor oktober 2022
Sjakkfinalane under arrangementa skal spelast på sjakkbrett av lego.

Kombinerer sjakk og lego

Laila Viestad driv firmaet Lailas Sjakkskole AS i Haugesund. Den femdoble NM-vinnaren frå aldersbestemte klassar, fekk ein idé på Etnemarknaden i sommar då ho såg utstillinga til lego-kjendis Grzegorz Gregor» Górczynski.

Publisert Sist oppdatert

Haugesundskvinna Laila Viestad (37), opprinneleg fra Torvastad på Karmøy og med mormor og nær familie i Etne, konkurrerte aktivt i sjakk til ho vart 18 år. Ho representerte Noreg i ett europa- og seks verdsmeisterskap. Grzegorz Gregor» Gòrczynski vart landskjend på tv i 2021 i tevlinga Lego Masters på TV2.

Viestad har alltid vore knytt til Etne. Dermed har Etnemarknaden over mange år vore ein naturleg stad for henne. I år tok ho med sonen Benjamin (4). Marknadsutstillinga til Gregor fanga interessa til både mor og son.

— Helga etter skulle eg arrangera 11-års dagen til tantebarnet mitt heime i Haugesund. Eg hadde då utstillinga til Gregor ferskt i minnet. Spontan som eg er, leigde eg han rett og slett inn til fødselsdagen, seier ho.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS