Lang øvingshelg med mikrofonar som skal skiftast ut med myggar» når teppet går opp for ein heilaftan med Skakkekoret. Her Ellen Hatteland i aksjon, flankert av Anette Matre (t.v.), Thorild Molland (t.h.), Maiken-Christin Turlid (bak t.v.), Bente Nesheim Johansen (bak.t.h.), og Sissel Line Grønstad (nede t..h.
Foto: Arne Frøkedal
Show med trykk og glede
Dei er fulle av energi og glede, og vil gjerne dela dette med sitt publikum.
Etter lang tid i dvale, har Skakkekoret vakna til live igjen. Dei lovar intense nummer, variert meny og eit show utan ein raud tråd.
Koret med base i Etne, berre damer i rekkjene og geografisk brei spreiing, har snart halde det gåande i 20 år. Sist publikum høyrde frå gjengen var tidleg i 2019 med konserten Skakkekoret røffar seg». Så kom pandemien og fleire planlagde prosjekt måtte kansellerast.
— Det har vore ein lang pause, så det er godt å koma i gang igjen. I staden for ein lang øvingsperiode har me denne gongen køyrd intens. Og dette trur eg skal bli bra, seier dirigent Audny Aasheim innimellom ei av øktene i den lange øvingshelga.