Det kan bli ny strid om vindkraft på land i Vindafjord etter at to søknader i Skjold er komne er komne på bordet. Her frå kommunestyret sitt besøk i vindkraftparken i Fitjar i oktober 2013.
Arkivfoto: Jon Edvardsen
Vil opne to område for vindkraft i fjellet
Skyhøge straumprisar vekker til live ønske om å byggje ut vindkraft i Vindafjord. To søknader er på bordet i Skjold, og det er duka for ny vindkraftstrid i kommunen. Den forrige vara i fleire år.
Fire eigarar av to bruk vest i Skjold har saman lansert eit ønske om produksjon av vindkraft ved Måkafjellet. Fjellet grensar mot fjorden i Sveio.
Det andre prosjektet er ein søknad om dispensasjon frå Fjeldheim Gard om å plassere ein 97 meter høg turbin ved Nordra Naustdalsfjellet litt lenger sør-aust, ikkje så langt frå Liaheia.
— Ser frå Haugalandet