Emma Bjelland Ingebrigtsen.
Foto: Rina AspmoFOTO: Rina Aspmo
På tampen
Dei som ikkje hadde det så lett frå før
Her om dagen gjekk eg forbi ein reklameplakat frå TV2 som fortalde meg at denne hausten kom til å bli eit helvete. For dei fleste av oss har fått med seg dei aukande prisane. Straumprisane, matprisane, og drivstoffprisane aukar… Kvar dag finn ein som regel ein eller anna artikkel om desse prisane, og kor forferdeleg vi har det. Og vi har det på mange måtar ikkje så lett…
Eg hugsar då Vedum stod føre Noregs befolkning på Debatten hos Solvang og viste eit reknestykkje av korleis ein familie framleis ville klare seg fint, tross dei høge prisane. Det er dei vanlege folks tur» er også noko Arbeiderpartiet brukte som slagord under valkampen for rundt eitt år sidan. Det har dei fått mykje kritikk for i etterkant. Er det ikkje oss vanlege folks tur snart då?» Dei fleste er frustrerte. For nokre veker sidan stod det til og med sinte milliardærar på debatten, frå dei aller største lakseoppdretta som Mowi og Nova Sea og kritiserte Vedum og co for det nye statsbudsjettet og lakseskatten. Eg kan skjøne frustrasjonen… Men så tenkjer eg ofte over korleis det er for dei som i utgangspunktet ikkje hadde det så lett frå før av?
Mange forbinder kanskje fattigdom med det som er synleg utad, som dei som sit med ein pappkopp på gata og ber om pengar. Men fattigdom treng ikkje å visast på utsida. Den usynlege fattigdomen» er dei vi kanskje ikkje legg merke til. Dei som gjer alt dei kan for å skjule det. Det kan vere ein kollega, ein ven, eller ein klassekamerat. Og det er dessverre mange som lever slik i Noreg i dag. Faktisk fleire og fleire. I Noreg handlar fattigdom om kanskje meir enn det å overleve. For mange kan det handle om det sosiale, og å ikkje ha moglegheita til å delta på til dømes sosiale aktivitetar, som mange andre i samfunnet kan. Ein har kanskje ikkje moglegheit til å vere med på fritidsaktivitetar, reise på ferie, eller å kome i bursdag med gåver.