Karl Johan Lier. Arkivfoto
ArkivfotoFOTO: Foto: Øystein Birkenes
Gir seg som Autostore-sjef
Etter 14 år i selskapet går Karl Johan Lier (62) går av som sjef for Autostore ved nyttår. Han blir erstatta av salssjef Mats Hovland Vikse (34) i robotlagerselskapet i Vats.
Dette melder E24.
Lier fortset i stillinga som administrerande direktør fram til 1. januar. Autostore skriv at avgangen er planlagt, og at Lier vil gå av med pensjon. Lier vil vere tilsett i selskapet fram til mars 2023. Han har vore i robotlagerselskapet i 14 år, og vore administrerande direktør sidan 2017.
— Det har vore eit privilegium å leie Autostore frå første stund og sjå produkta og selskapet vakse som det har gjort gjennom flotte menneske, kultur og lidenskap, seier Lier til E24.