God stemning i julegata
Berre julesnø mangla då bygdefolket støymde til Ølen Senter for å få med seg opninga av pepperkakebygda og julegata. Uvanleg mange deltok i den offisielle starten på førjulstida.
Det var fullt med folk og god stemning innandørs på Ølen senter. Mange hadde pynta seg med nissehuer og raude kinn, og sjølvsagt refleksvestar for å bli sett i mørket.
Julestemninga kom fram då blikket fanga den store attraksjonen denne ettermiddagen, den detaljrike pepperkakebygda som hadde offisiell opning ved leiaren i julegate arrangementet, Mona Ljosnes Nordtveit.
Det var tydeleg at her var det mange kreative sjeler som hadde lagt ned mykje arbeid i å planlegge og pynte pepperkakehuset sitt på beste vis. Det var huset i frå eventyret om Hans og Gret, store og små festeleg pynta hus, og huset i Mumidalen fant ein også. Dei finaste prinsessehus i ulike valørar, knallgrønn lastebil og ei kjempestor pepperkakekone som var pynta med massevis av nonstop.