Ein av dammane til Agder Energi i Bykle i Setesdal. Illustrasjonsfoto: Tor Erik Schrøder / NTB / NPK
Ein av dammane til Agder Energi i Bykle i Setesdal.

Mykje nedbør – lågaste straumpris i Sør-Noreg på eitt år

I førre veke auka magasinfyllinga i sørlege Noreg med 3,4 prosentpoeng. Det er sjeldan kost på denne tida av året. Straumprisen var på det lågaste på eitt år.

Publisert Sist oppdatert

Fleire faktorar bidreg til at pilene peikar rett veg med tanke på straumprisen. Det varme vêret har medført lågare kraftforbruk. Forbruket førre veke var lågare enn tilsvarande veke dei ti siste åra. Då vart kraftproduksjonen høgare enn forbruket, og det førte til nettoeksport ut av sørlege Noreg.

– Samtidig har det vore mykje nedbør i sørlege Noreg. Det er gode nyheiter for magasinfyllinga og kraftsituasjonen denne vinteren, seier direktør for energi- og konsesjonsavdelinga i Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE), Inga Nordberg, i ei pressemelding.

I sørlege Noreg var vekeprisen på straum 76 øre/kWh, ein nedgang på 30 prosent frå veka før. Det er over eitt år sidan prisane var på same nivå.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS