Sindre Tjelmeland
ARKIVFOTO: Tor Andre Schrøder
Skjebnekamp på søndag
Sindre Tjelmeland (33) frå Etne er hovudtrenar for Start i Obos-ligaen, og søndag spelar dei kvalifiseringskamp mot Kongsvinger. Vinn Start denne kampen, snusar Tjelmeland og co. på eliteserien.
Då Tjelmeland tok over jobben som hovudtrenar for Kristiansand-laget Start i juni 2021, låg dei under midten på tabellen i Obos-ligaen, men klarte til slutt å koma seg opp på ein 9. plass. I dag ligg Start på 3. plass og på søndag står kampen mot Kongsvinger. Eit sterkt lag som har klatra på tabellen dei siste vekene. Ikkje nok med det; på trenarbenken til Kongsvinger sit ein av Tjelmelands beste vener, bømlingen Eirik Mæland.
— Eg er veldig glad på Eirik sine vegner, for han har gjort det veldig bra denne sesongen. Men det blir ein spennande kvalifiseringskamp som me sjølvsagt kjem til å kjempa for å vinna, og vinnaren av søndagens kamp får spela mot laget som ligg på tredje siste plass i eliteserien. Så den kampen blir ein rein kvalifiseringskamp om spel i eliteserien, seier Tjelmeland.
Mykje læring