Vikedal Elveeigarlag har fått tillating til å fiska etter rømd fisk frå Osland Fisk sitt anlegg på Skigelstrand.
Her er strekket i Vikedalselva kor elveeigarlaget skal fiska etter rømd oppdrettsfisk, resten av året.

Får fiske oppdrettsaure etter at tonnevis rømte

Vikedal Elveeigarlag har fått lov av Statsforvaltaren i Rogaland til å fiska etter rømt oppdrettsfisk. Fisket er ut året med stang i elva nedanfor Opsalsfossen, samt i fredningssona utanfor elvaosen. Fordelane med utfiske er langt større enn ulempene, er konklusjonen.

Publisert Sist oppdatert

Grunnen til at elveeigarlaget vil fiske, er i hovudsak røminga frå Osland Stamfisk AS sitt anlegg for aure på Skigelstrand på vestsida av Sandeidfjorden den 11. oktober i fjor. Det vart då rapportert hol i ei not med slakteklar fisk på i gjennomsnitt 3.7 kg. Etter ikkje verifiserte opplysningar, var det brønnbåten som truleg var uheldig og forårsaka holet i nota.

Berekningar gjort av oppdrettsfirmaet i etterkant, konkluderte med at 7,6 tonn fisk var rømt. Omregna frå snittvekt, blir dette i overkant av 2000 rømte aurar.

Ingen til no

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS