KEVIN LAUREN. Pressefoto.
Kevin Lauren til Etnemarknaden
Dei siste dagane har Etnemarknaden gitt små hint på sosiale medium om kva artist folk kan vente seg på ungdomskonserten sommaren 2023. Laurdag blei det klart at det er rapstjerna Kevin Lauren som tar turen til Etne.
— Det kjennest kult å få han til marknaden, seier leiar av Etnemarknaden, Vidar Lund.
Kevin Soleng Hansen (34), kjent under artistnamnet Kevin Lauren, er ein norsk rappar og låtskrivar. Han blei først sett i TV-ruta på Paradise Hotel i 2015 og var også med i Norske Talenter i 2018, men det er som artist han verkeleg har blitt kjent.
Blant dei mest spelte i Noreg
I 2018 gav Kevin Lauren ut sin debutsingel Under Kniven (Så Ensom)». Sidan det har det blitt totalt ni singlar frå studioet hans heime i 2. etasje. Blant desse er hitar som Loud Luxury», TANTE» og Haaland». Han har også gitt ut dei to EP-ane Kevin fra 2. Etasje» og PTSD / Stort på grønt som Hulken» i 2021.
2022 blei eit stort år for Kevin Lauren. Han starta året midtvegs i rekka på 49 veker inne på VG-lista topp med Loud Luxury» saman med Ballinciaga, som hadde ein toppnotering på 2. plass. I eit nytt samarbeid med Ballinciaga eit par månadar inn i året dominerte dei igjen hitlistene med TANTE». Denne songen fekk totalt 28 veker på hitlista, med 3. plass som toppnotering og enda opp som ein av dei mest spelte gjennom året. Suksessen har gjort Kevin Lauren til ein av Noregs mest spelte artistar i 2022.
— Det blir artig å kunne presentere han for dei unge på marknaden, seier Lund.
Mogleggjort av gåve
Enorm merksemd i sosiale medium har gjort Kevin Lauren til eit av Noregs største rap-fenomen. Ei engasjert følgjarskare har sørga for liv og fulle hus på konsertane hans.