Liv Tungesvik fekk kultur- og frivilligprisen i Etne kommune 2022. FOTO: NILS TOKHEIM
Liv Tungesvik under takketalen då ho fekk frivilligprisen i fjor.

Liv Tungesvik fekk kulturpris

Etne-ordførar Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim kunne onsdag kveld dele ut kultur- og frivillegprisen til Liv Tungesvik (88) frå Skånevik. Til ei eldsjel som har vore aktiv i så mange år, kunne det ikkje skjedd eit meir passande år enn i frivillegheitas år 2022.

Publisert Sist oppdatert

Prisutdelinga skjedde på slutten av ei flott kulturhending i Skakke-salen, morosamt leia av Stavanger-komikar Rune Bjerga. Etter at alle først hadde vore samla i foajéen for kaker, kaffe og høge glas med alkoholfri drikke, opna Solveig Kvamme det som kom til å bli eit flott halvanna times langt show. Komikar Rune Bjerga er knytta til Etne både via svigermor og vener, og tok mange vittige poeng på lokal dialekt. Dialekta han høyrer dagleg fordi livsledsagaren hans er frå Sandeid.

Bjerga kunne fortelja eit fakta til ettertanke. Nemleg at det er omlag 100 frivillege lag og organisasjonar i Etne kommune. Under opninga var Solveig Kvamme tydeleg på at festen var for å heidra alle som sat i salen. Dette var nemleg i hovudsak ein fest for inviterte gjestar frå lag og organisasjonar.

Meir enn du gav, fekk du att»

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS