Emma Bjelland Ingebrigtsen.
Foto: Rina AspmoFOTO: Rina Aspmo
På tampen
Russ og rus
Eg hugsar fyrste gongen eg såg Petter uteligger» saman med mamma på TV´en for ein del år sidan. Petters møte med Svein den gongen sjokkerte meg. Skjer dette i Noreg? Der kunne vi sjå korleis avhengigheit kunne sjå ut. Ikkje visste eg at eg nokre år seinare skulle få sjokk over spesielt éin ting – nemleg bruken av narkotika i russetida.
For som ung testar ein ofte livet. Ein testar grenser og ein tek risikoar. Ein prøvar å finne ut kven ein er, og ved å gjere det testar ein ofte ulike ting. Ein av tinga mange testar er rusen. Dop er jo ikkje akkurat uvanleg. Iallfall ikkje i russetida.
Eg har fleire gonger vore tilskodar i diskusjonen om legalisering av narkotika. Det er jo ikkje så farleg» argumenterer dei ofte det med. Skal eg vere ærleg, har eg ikkje tort å delta i den diskusjonen, rett og slett fordi eg følar eg ikkje har kunnskap nok til å uttale meg om akkurat det. Men eg sjølv har alltid hatt eit standpunkt til det. For mange ungdommar tenkjer kanskje at ei pille ikkje er så farleg? Men trur du ikkje venen til Petter uteliggjar også starta ein plass?