Tobias Aarekol.
Arkivfoto: privat
Sigra på Hovden
Tobias Aarekol (18) frå Ølen vann M19-20 klassa under Hovedrennet på Hovden på laurdag. Sigeren gjer Vindafjord IL-løparen til kretsmeister i Agder og Rogaland Skikrets.
Ølensbuen brukte 23.54 minutt på det 10 km. lange intervallstartrennet som gjekk i skøyting. Det var 21 sekund mindre enn Nils Olav Kjetså Røed og eit halvt minutt mindre enn Niklas Ekeberg Pålsson. Trioen på topp går alle på Hovden Skigymnas.
Det var svært kaldt på Hovden denne laurdagen. Som følge av det blei dei yngste klassene avlyste og fleire lokale skispirer frå Vindafjord IL fekk ikkje høve til å starte. For dei klassane som blei arrangert gjeld rennet som kretsmeisterskap.