Frå Fikse cirka 17.45.
Foto: Jon Edvardsen
Trailerar skapte kaos på E134
Klokka 14.45 tysdag skriv Politiet i Sør-Vest på Twitter at ein trailer sperrer heile vegbanen på E134 ved avkøyring til Olalia. Berging er bestilt og kjetting er tatt på. Vegbanen er glatt og politiet er på staden.
Ein person som blei stoppa tidleg av sperringa fortel at den har fått sleppe forbi og at politiet dirigerte trafikken på staden. Sidan har det oppstådd fleire problem som sett stoppar på trafikken.
15.09 oppdaterer politiet med at det blir jobba med å få drift på traileren som sperrer vegbanen. Litt lenger mot vest i retning Ølen er det eit anna vogntog som legg på til kjettingar. Desse to trafikkhendingane skapar kø.
Operasjonsleiar i Sør-Vest Politidistrikt, Jøran Solheim, fortel at traileren ved Olalia sklei, mens det andre vogntoget stoppa i botn av ein bakke og legg om til kjettingar for å komme seg vidare. Det må ryddast og ordnast. Det er kø i begge retningar.
15.12 melder Vegtrafikksentralen vest at E134 er stengt mellom Håfoss og der Stordalsvatnet startar grunna ein lastebil med hengar som står fast.
Vegvesenet.no sett berekna sluttid til 17.24 på Fikse og 16.30 på Håfoss. Dei understrekar at sluttida er usikker og kan endrast. Klokka 18.16 er den berekna sluttida på mellom Ølen og Håland sat til 19.46.
16.27 skriv Vegtrafikksentralen at E134 mellom Ølen og Håland er stengt på grunn av vanskelege køyreforhold. Det snør mykje på strekninga og fleire vogntog har problem. Politi er på staden. Det er arbeid med brøyting.
Dei store køane førte også til at fleire representantar ikkje nådde fram til årets siste kommunestyremøte i tide og at møtet blei utsett i 15 minutt.
Rett før 21.30 blei vegen opna frå Etne til Ølen, men ikkje motsett veg. Då vegen blei opna på den køyrde ein bil ganske kjapt av vegen. Vegen blei ikkje opna i begge retningar før klokka 22.24.