Marlene Lye trivst godt med juletravel butikk.
Foto: Irene Mæland Haraldsen
Travel førjulstid
Førjulstid betyr ekstra travle dagar for alle som jobbar i butikkbransjen, og for Marlene Lye i gave-og blomsterbutikken Søstrene Lye er det rikeleg å hengja fingrane i dei siste vekene før jul.
I butikken til Søstrene Lye i Etne bugnar det av blomsterdekorasjonar, gåveartiklar og juleblomar. Hit kjem folk frå heile distriktet for å sikra seg ei blomstergruppe eller ei spesiallaga julegåve laga for hand.
— Me lagar alt sjølv. Frå dørkransar til dekorasjonar for høgtider, sorg og bryllup, seier Marlene Lye og synest det er ekstra triveleg med førjulstida sjølv om det til tider kan bli veldig travelt.
— Dette er den kjekkaste tida på året. Me får utfolda oss og laga ting. Me har tente lys og musikk i butikken, og folk er fornøgd. Me håpar på to travle veker før jul, seier ho.