Konstituert kommunedirektør Filippo Ballarin og ordførar Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim blei overraska då rammetilskotet på kraft blei kutta med 17,5 millionar kroner.
Foto: Grethe Hopland Ravn
Får solid trekk for kraft
Regjeringa føreslo i fjor eit eittårig trekk i rammetilskotet til kommunar og fylkeskommunar som har inntekt frå konsesjonskraft. For Etne kommune betyr det eit trekk på 17,5 millionar kroner.
Forslaget frå regjeringa som kom i september i fjor røpte berre at det samla trekket i landet skulle vera på tre milliardar kroner. Kor mykje kvar kommune skulle betala var umogleg å rekna seg fram til sidan kraftprisane endrar seg heile vegen, men då det blei kjent at Etne kommune får eit trekk på 17,5 millionar, blei både ordførar Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim (Sp) og konstituert kommunedirektør Filippo Ballarin overraska.
— Summen var umogleg å vite på førehand. Me var førebudde på at det kunne bli fleire millionar, men ikkje at det skulle bli så mange, seier Ballarin.
Han opplyser at dei måtte rapportera til departementet innan 1. desember, og at departementet hadde lagt seg på ein pris som var gjennomsnittspris på straum i perioden august til november. Den gongen var også prisane på kraft mykje høgare enn dei er i dag, så gjennomsnittsprisen då speglar ikkje gjennomsnittprisen i dag. Kommunane sel også krafta si på forskjellige måtar. Nokre kommunar sel berre på spotpris, andre kommunar sel berre på fastpris. Nokre kommunar gjer begge deler.