Snø har lenge vore eit problem for solceller fordi den hindrar sollyset frå å nå inn til cellene. No har forskar Iver Frimannslund funne ei ny tilpassing som gjer at solceller handterer snøvêr betre.
Foto: Frank May / NTB / NPK
Kan ha løyst utfordringa med snødekte solceller
Snø har lenge vore eit problem for solceller fordi den hindrar sollyset frå å nå inn til cellene. No har forskar Iver Frimannslund funne ei ny tilpassing som gjer at solceller handterer snøvêr betre.
– Dette er eit tema som har blitt undersøkt lite. Solceller har blitt mest brukt i klima med mykje stråling der det tradisjonelt er varmare, seier Frimannslund til NRK.
Frimannslund har nyleg fått godkjent doktorgradsavhandlinga si kor han ser på korleis solcelleutbygging kan tilpassast eit kaldt klima. Tilpassingane kan til dømes vere å endre avstand mellom radene, vinkelen og kor høgt dei står over bakken.
– Dette må ein rett og slett gjere på kvar enkelt stad, seier forskaren.