Kjell Gangstø er gründer i plastretur som leverer 80 prosent av den brukte plasten til Asia. Ulike former for transport er hovudaktiviteten.Kjell Gangstø håpar at familiebedrifta kan bli i Vikebygd, men er open for å flytte til ein annan kommune. Arkivfoto: Jon Edvardsen
Kjell Gangstø håpar å få avslutta ein årelang konflikt med Vindafjord kommune om bruk av den minste kaien på Dommersnes.

Spent på kva alternativ kommunen kan tilby

Dersom planane om å utvide industriområdet på Dommersnes blir realisert, må Gangstø Transport AS flytte ut av området. Kjell Gangstø som er grunnleggar, hovudeigar og dagleg leiar i bedrifta, opnar for å etablere seg i ein annan kommune.

Publisert Sist oppdatert

Planen er å endre industriområdet i Vikebygd fullstendig for å gi plass til samanstilling av turbinar for havvind. Det er snakk om å skyte ut eit område på halvt tusen dekar.

— Det kjem an på kva Vindafjord kommune kan tilby oss, men det nærliggande er å flytte ut, seier Gangstø.

Familiebedrifta er ei av fem verksemder som blir råka dersom den planlagde utbygginga av 550 mål blir gjennomført. Gangstø eig 40 av desse.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS