Statoren inne i maskinhallen fredag kveld. Foto: Privat
Statoren inne i maskinhallen fredag kveld.

82 tonn skapar glede

Fredag kom den 82 tonn tunge statoren til Løkjelsvatn kraftverk i Etne. For Helge Søndenå og Terje Sandvik i SKL var det ei stor oppleving å vere med på.

Publisert Sist oppdatert

— Dette har me sett fram til lenge, seier Sandvik.

Han er byggeleiar for det nye kraftverket. Løkjelsvatn kraftverk er det største kraftverket som er under bygging i landet og skal ha ein totalproduksjon på 163 GWh. Dette er 20 GWh meir enn dei to eksisterande kraftverka i Litledalen og Hardeland produserer til saman. Næringsminister Jan Christian Vestre fekk ei omvising på det nye kraftverket på eige initiativ tysdag.

Trygg ferd

Statoren er det største enkeltelementet som blir frakta opp til kraftverket. Den kom til kaien på Tongane torsdag kveld og blei køyrd vidare i ein 4,5 meter høg og 5 meter brei kasse på ein lastebil frå Klepp spesialtransport fredag morgon. Rasmus Lode var sjåfør.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS