Ordførar Ole Johan Vierdal (Sp) håpar på meir liv på Dommersnes.
Arkivfoto: Jon Edvardsen
— Alt eller ingenting
Ordførar Ole Johan Vierdal (Sp) er positiv til ideen om å opprette eit aksjeselskap saman med private aktørar til å utvikle industriområdet på Dommersnes. Han trur heile det regulerte området på cirka 500 mål må takast i bruk.
— Det er litt enten eller. Enten blir det full utbygging med full produksjon, eller så blir det ikkje noko, seier Vierdal.
Han viser til tilbakemeldingar frå interesserte aktørar, og at serieproduksjon av vindmøller til havvind vil vere svært arealkrevjande.
Nødvendig samarbeid
Eigarstrukturen med kommunen saman med private i det eventuelle selskapet, kjem til å bli eit sentralt tema i behandlinga av saka. Vierdal trur spørsmålet om korleis kommunen løyser potensielle situasjonar der eit slikt selskap er i konkurranse eller i ein tvist med eit anna selskap, der det er kommunen som må ta ei endeleg avgjerd, kjem til å bli ein diskusjon framover. For å få til aktivitet meiner han samarbeid blir heilt nødvendig.
— Me klarer det ikkje åleine, seier ordføraren.
Nyleg gjekk kommunen inn for å avvikle eit liknande selskap, nemleg Vindafjord Tomteselskap AS. Her eigde kommunen selskapet saman med Berge Sag og Trelast, Kalstveit og Vik, Omega AS, Vindafjord arbeidsgiverforum, Westcon, Ølen Betong og Haugesund Sparebank. Vierdal meiner samarbeidet fungerte godt, og at den tunge avslutninga skuldast at marknaden stoppa opp.