Ambulanse
Illustrasjonsfoto.

Ingen alvorleg skadde i trafikkulykke i Vats

Naudetatane rykte tordag kveld ut etter melding om trafikkulykke på Saudavegen i Nedre Vats. Politiet opplyser at to biler var involvert, og at begge sjåførane har sloppe frå hendinga ved Vatsvatnet utan alvorleg skade.

Det går fram av meldinga frå Sør-Vest politidistrikt at trafikkulykka kan ha samanheng med glatte og snødekte vegar, og at ulykka har skjedd i samband med forbikøyring.

Rundt kl. 22.00 opplyser politiet at vegen framleis er stengt. Brannmannskap frå Skjold brannstasjon er framme på staden. Det skal ikkje ha vore passasjerar i bilane som har fått store materielle skadar.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS