Då vatnet blei stengt køyrde Etne kommune ut ein tank til 30 husstandar som ikkje hadde vatn.
Foto: Privat
Kommunen sit med nøkkelen
For ei tid sidan kunne ein lesa i VG om konflikten mellom vassverket VAN AS og firmaet sine abonnentar. I samband med dette oppslaget vil eg gje ein kommentar til den rolla som Etne kommune har spelt og trekkja fram einskilde trekk ved framferda til kommunen.
Ved etableringa av vassverket på Vee for ein del år sidan viste det seg at kommunen godkjende eit vassverk som var underdimensjonert. Om denne avgjerda er det fleire spørsmål som kan bli reiste; mellom anna: Hadde ikkje kommunen innsikt i og kompetanse om kva slag krav som blir stilte til eit vassverk? Det andre er eit juridisk» spørsmål. Når ein vil etablera eit privat vassverk, må ein få godkjenning til det av kommunen: Ligg det ikkje innbakt i denne ordninga at kommunen har eit overordna og dermed eit moralsk ansvar for vasstilgangen til brukarane?
For kort tid sidan ville ikkje leiaren i VAN AS yta service på vassverket, noko som resulterte i at vasstilgangen i praksis blei stengt for abonnentane. Kommunen ytte då eit hjelpetilbod»: Det blei plassert vasstankar i området der abonnentane i VAN AS kunne tappa vatn, men det blei opplyst om at dette vatnet ikkje kunne drikkast eller brukast til matlaging. Ein måtte koka vatnet før bruk.