Her bli dei minste lest for. F.v: Even Haraldseid, Åsmund Nesheim, Agnes Haraldseid, Hanna Nåden og Martin Haraldseid.
Foto: Skjold barnehage
Med fokus på lesing
I Skjold barnehage har me i dag gitt vårt bidrag til forskningsprosjektet SPrELL. SPrELL er ei forkorting for prosjektet Samtalebaserte lesePraksiser i barnehage og hjem for Erfaringer med Litteratur og Læring av språk». SPrELL skal blant anna motivere omsorgspersonar og barnehagelærarar til å lese saman med barna.
Forskar Monica Gundersen Mitchell, frå Lesesenteret, Universitetet i Stavanger var på besøk i barnehagen og tilbrakte ein heil arbeidsdag der. Ho fekk omvising i barnehagen og fekk møte nokre av dei tilsette. Hovudmålet med besøket var å gjere eit fokusgruppeintervju med fire av pedagogane i barnehagen der dei skulle fortelje om korleis barnehagen og deira avdeling jobbar med lesing.
Intervjuet er ein del av ei større samling med intervju frå ei rekke barnehagar spreidd rundt i landet som skal gi forskarane ei betre innsikt i barnehagens lesepraksisar.