Bli abonnent – få full digital tilgang!
OL-tilbod: Kun 1 kr ut mars!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

The Norwegian Soulband
The Norwegian Soulband

Norwegian soulband til Skånevik

Norwegian Soulband kjem til Skånevik Bluesfestival 8 juli, melder Alf Warloe Christophersen. Bluesgeneralen legg til at med artist Kim Rune Hagen i front, blir det eit fyrverkeri og ein musikalsk eksplosjon. Bandet starta opp lenge før Kim Rune kom med. I Skien 1989, da under navnet SixPack.

Med ei besetning beståande av eit stramt komp, blåserekke og soulfull vokal gir dette den umiskjennelege The Norwegian Soulband-sound. Bandets speleglede smittar raskt over på publikum som alltid får servert ein stor dose soul & funk med høg partyfaktor.

Med vokalist Kim Rune Hagen blir konsertane omtalt som reine eksplosjonen, der vokalisten truleg er det råeste ein har av soul/funk-vokalistar i Noreg akkurat no.

Albumet Groove Your Hips» fra 2021 (vinyl og digitalt) har fått heiderleg omtale og bli stadig spelt på radio i Noreg og dedikerte soul-funk kanaler i Europa.

— Me gler oss til ein fantastisk kveld med Norwegian Soulband i Skånevik, seier Christophersen.

Powered by Labrador CMS