Stortingsrepresentant Terje Halleland (Frp) frå Vindafjord. ARKIVBILETE GRANNAR
Omkamp om ei tapt sak
Terje Halleland (Frp) meiner Forum for sjø- og jordkabel-gruppa utnyttar dei demokratiske spelereglane ein har i Noreg, når dei stadig må ta nye omkampar på allereie tapte slag.
Stortingsrepresentant og medlem av energi- og miljøkomiteen, Terje Halleland ber gjengen bak Forum for sjø- og jordkabelteknologi (FSJT) ta på alvor at nettopp denne saka allereie har hatt si behandling i Stortinget og at gruppa bør respektera det. Bakgrunnen for Halleland sin uttale er eit brev FSJT sist veke sende til alle gruppeleiarane i politiske parti i Etne kommune. Dette var eit brev til olje- og energidepartementet, kommunaldepartementet, næringsdepartementet, med kopi til energi- og miljøkomiteen. Her ber dei om at kommunestyret snarast bør senda eit krav til Olje- og energidepartementet (OED), olje- og energiministeren, regjeringa og alle stortingspartia om at den viktige avgjersla om kva trasé krafta skal ha frå Blåfalli til Gismarvik, skal handsamast på Stortinget. Dei meiner det er viktig at saka får ei demokratisk og open vurdering i energi- og miljøkomiteen.
— Eg må minna Forum for sjø- og jordkabelteknologi om at me allereie har hatt ei behandling av denne saka i Stortinget. Saka er behandla og avvist av Stortinget, og dette er berre eit forsøk på å ta nye omkampar på allereie tapte slag, seier Halleland.
Mykje står på spel