Kenneth Karlsen (Frp) blir opposisjonspolitikar i neste periode
FOTO: GRETHE HOPLAND RAVN
Overtar bygging av småbåthamn
Kommunestyret i Etne gjorde heilomvending og var samrøysta då dei tysdag gjekk for å overta utbygginga av småbåthamn på Tøsse. Byggjestart blir dermed utsett eitt år, men no får Eikemo-innbyggjarane både kai og småbåthamn på plass
Det har vore mykje fram og tilbake i saka om utbygging av kai og småbåthamn på Tøsse. Då kommunestyret i eit vedtak frå september i 2021 godtok eit tilbod frå grunneigarane på Eikemo om å løyva halvannan million kroner til bygging av kai og småbåthamn, trudde dei at saka var opp og avgjort. Slik var det ikkje, for før jul i fjor tok kontaktpersonen for grunneigarane kontakt med kommunen og sa at det ikkje var så enkelt å byggja sjølv likevel. Dei var komen til at dei heller kunne vera med på ei medfinansiering, og ønskte at Etne kommune skulle overta bygginga. Tidlegare i februar gjekk formannskapet mot dette forslaget, og ønskte ikkje å overta prosjektet. Kenneth Karlsen (Frp) sa både i formannskapet då, og i tysdagens kommunestyre at det er brukt enormt mykje ressursar på denne saka over mange år, og la til at denne gong måtte det vera siste gong dei fattar eit vedtak i denne saka.
— Det må vera heilt klart kva som skjer etter at me har gjort vedtak i dag, for eg har ikkje lyst til at denne saka skal komma opp i eit nytt kommunestyre ein gong til. Eg sit i min andre periode no, og eg slit med å sjå kva tid dette starta og korleis det har utvikla seg under vegs. Me må unngå at eit nytt kommunestyre, med nye representantar skal måtte behandla denne saka på nytt, seier Karlsen.
Investering