Høgre i Etne fekk lørdag 18. februar 2023 besøk av fire ambisiøse ungdomspolitikarar som skal rundt til alle kommunane i Vestland før valet.
Ungdomspolitikarane saman med det lokale vertskapet. Tora Kildehaug (f.v. Bergen), Elias Eide (Sunnfjord), Ida Lutro (Ullensvang), Vegard Enerstvedt (Bømlo), Arild Stenberg og Lars Olav Bergsvåg, begge frå Etne Høgre.

Satsar på fylkespolitikken

Etne Høgre hadde nyleg besøk av fire unge politikarar frå ulike kommunar i Vestland som har eit ambisiøst reiseopplegg med å besøka alle fylkets 43 kommunar. Eit like ambisiøst ynskje har dei om å koma inn på fylkestinget ved valet til hausten.

Publisert Sist oppdatert

For dei fleste går vegen til fylkestinget gjennom kommunestyret, men desse fire er medvitne om at svært mykje av det som angår unge folk vert påverka av fylkespolitikken.

Det var Lars Olav Bergsvåg og Arild Stenberg som var vertskap. Bømlo og Sveio var gjort unna fredag kveld, og før dei skulle vidare til Ullensvang var dei innom Skakkesenteret, Medvind24 Næringshage og Drivhuset i Etne.

Etne var den 16. kommunen dei besøker. Sidan dei alle er studentar i Bergen og Trondheim, må helgane nyttast.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS