Solveig Hortman (framme f.v.) håpar at bedriftene som held til på Dommersnes i dag kan fortsette å vere i Vikebygd. Her med Nina Ramsfjell og Jan Idar Haugen under formannskapsmøtet tysdag.
Foto: Svein-Erik Larsen
Vil behalde dei etablere bedriftene
Kommunedirektør Yngve Folven Bergesen har fått fullmakt til å forhandle fram ein avtale med Westcon om å opprette eit felles selskap for utvikling av industriområdet på Dommersnes. Politikarane sørgde for at dei som må flytte skal bli følgd nøye i prosessen.
— For bedriftene som er etablerte der har det vore usikkerheit. Kommunen må trygge at desse kan bli i bygda, sa Solveig Hortman (Sp), som bur nær industriområdet i Vikebygd.
Dei store planane om havvindproduksjon i Vindafjord blei diskutert på både formannskaps- og kommunestyremøtet tysdag. Selskapet kan opprettast med ein aksjekapital på seks millionar kroner. På møta kunngjorde Folven Bergesen at nye undersøkingar frå advokatar viser at kommunen sitt maksimale eigarskap kan vere 50 prosent, ikkje 49,9, som dei trudde tidlegare. I dette selskapet kan kommunen gå inn med opp til tre millionar, som blir dekka gjennom bruk av ubunde disposisjonsfond.
Vil ha ærlegdom