Den første illustrasjonen av korleis det kan sjå ut på Dommersnes om prosjektet blei sterkt kritisert for å ikkje gi eit korrekt inntrykk av storleiken. Illustrasjon: Multiconsult
Vil investere tre millionar i nytt Dommersnes-selskap
Dette kjem fram av saksframlegget til kommunestyremøtet 14. februar. Her vil kommunestyret bestemme om Folven Bergesen får gå vidare med planane.
Millioninvestering
I framlegget skriv kommunestyret at selskapet kan opprettast med ein aksjekapital på seks millionar kroner, der kommunen går inn med maksimalt 49,9 prosent. Kommunen sin del av aksjekapitalen blir dekka gjennom bruk av ubunde disposisjonsfond.