Ove Trekkevik. FOTO: HØGRE
Ove Trekkevik.

Debatt

10 grunner til å støtte Vestlandsopprøret

Vestlandsopprøret mot regjeringa spreier seg, og det er ikkje så rart – lista over næringsfiendtlege tiltak frå denne regjeringa er lang som eit vondt år. Eg tør påstå at dette er den mest vestlandsnegative regjeringa i manns minne. Skattetrykk, Oslo-rivalisering og utflytting av arbeidsplassar, er viktige årsaker til Vestlandsopprøret som spreier seg langs kysten. I staden for å stikke kjeppar i hjula til næringslivet, skulle regjeringa ha lagt til rette for meir arbeidskraft med rett kompetanse. Her er 10 grunnar for å støtte opprøret.

1. Auke i formueskatt. Regjeringa doblar formueskatten. Denne skatten er svært Vestland-fiendtlig. Oslo og Akershus er dei områdane i Norge der færrast tilsette jobbar i eit selskap som betaler formuesskatt. I Oslo gjelder dette 30 prosent av alle tilsette i aksjeselskap, mens i Hordaland er det 41 prosent og i Sogn og Fjordane er det 48 prosent.

2. Ny lakseskatt. Regjeringa har foreslått en grunnrenteskatt på Havbruksnæringen som kan gi over 108 prosent skatt. Fleire eksemplar, blant anna av faktisk.no, viser at om regjeringas forslag gjaldt i 2022, ville det gitt en totalbeskatning på over 100 prosent. De fleste skjønner at dette ikkje er et bærekraftig skattenivå. Planlagde investeringar langs kysten på 35-40 mrd. kroner er satt på vent eller er terminerte.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS