Steinar Aalvik. Arkivfoto
På tampen
Det er kvar sitt
Ein velkvalifisert gardbrukar med over tretti års fartstid på farsgarden, burde ha anna å gjera enn å sitja til sengs med PC i fanget. Men det er løye med det, har ein vore ute ein uvêrsdag før, kan det vera like bra å halda seg inne. Og skal ein nå vera skikkeleg framoverlena, godt framme i skoa og svolten, er det ingen veg utanom det å koma seg over på digitale plattformer. Men det er syrgjeleg lett å hamna på vidvanke når ein sit slik med heile verda i fanget. Via omvegar hadde eg brått rota meg bort i noko som heitte Vixen Influencer Awards. Som eg no sat der og terga meg opp på denne anglifiseringa» av talemålet som dei oppveksande slekter gjer seg skuldige i, kom ei feiande flott ung dame opp på podiet. Ho skulle for andre år på rad takka for prisen som beste Årets influenser beauty». Kjolen hadde ho kjøpt hjå Fretex, og såleis berga framtida for oss alle. Hennar bodskap til verda var noko ho hadde tenkt på, at ho ville gi mer faen i hva alle folk sier». Det er vel ikkje stort å seia på det. Det er i ferd med å verta ei vanleg formulering, heilt opp på professor emeritus nivå. Eg lurer på om det var det same dei tenkte på, dei som i farne tider snakka om å ikkje bry seg om hitt folket», og å aldri høyra på folkasnakket»?
Av ein eller annan grunn kom eg til å tenkja på diktaren Olav Vik. Då han runda 70 år, gav Etne Mållag ut festskriftet – I lyd og lag med Olav Vik. Her er det ei samling av prologar og høvesdikt, skrivne over ein 30-års periode. Dikta er tileigna både stort og smått. Alt frå 300 årsjubileum for Gjerde kyrkje, til planting av eit tre ved Enge skule. Då UL Fram skulle markera 60 år med strev for det frilynde åndslivet skreiv Olav Vik ein prolog. Fireliners korthogne vers, 32 i talet. Versa er ordna i fem bolkar. Sjølve Grand finalen» lyder som så:
Å vere frilynd er ikkje å gjere stødt som du vil, men å høyre kva andre segjer- lyde audmjuk og still. Å vere frilynd er ikkje berre moro og fest, men å gå den sanne vegen når sjølvbygde bruer brest. Å vere frilynd er ikkje å stette all di lyst, men å gjere til røyndom i livet det beste du ber i ditt bryst».