Agathe Børretzen.
Foto: Grethe Hopland Ravn
Debatt
Kanskje ikkje for seint å berge Etnefjella?
Eg har hatt dialog via epost med miljødirektoratet, der eg spør korleis me kan verne Etnefjella.
Dei svarer ikkje heilt eintydig, men seier dette kan gjerast gjennom plan og byggninslova, og at kommunen er styresmakt for dette.
SV skriv i eit fråsegn om kraftutbygging at Fylkeskommunen og kommunane har ei sentrale rolle i å følgje opp naturavtala i arealplanlegginga. Fylkeskommunen må ta ei koordinerande rolle og medverke til regionale planar for å redusere klimautslepp, tilpasse til klimaendringar og stoppe tap av natur.
Klimaendringane, skal altså ikkje væra argument for å slå ihel natur. Dette må gå hand i hand. Skal me stå opp for fjella og naturen, så må me handle raskt no.
Dette kan ikkje vente til etter valet.
Eg speler ballen til kommunen, og håper dei vil væra med å verne Etnefjella!