Let seg ikkje stoppe av regnet
Det blei ikkje akkurat rekorddeltaking på årets Etnefjelltur, men Ådne Haugen (20) og Jarle Silde (21) starta med friskt mot.
— Det er jo plussgrader, så det er ingen problem å gå i dag, seier Ådne Haugen (20) frå Etne, medan han smiler.
Søndag deltok han på Etnefjellturen for sjette gong. Årets tur blei gjennomført blant tunge skyer og regn i lufta. Enkelte stader hadde snøen til og med regna bort.
Jarle Silde og Ådne Haugen var likevel aldri i tvil om at dei ville gå. Medan Silde gjekk for felleski, valte Haugen den tradisjonelle skismørevarianten.